The Progressive Blues Experiment

The Progressive Blues Experiment
Studioalbum av Johnny Winter
Språk engelsk
Utgjeve 1968
Innspelt 1967
Vulcan Gas Company,
Austin, Texas
Sjanger Bluesrock
Lengd 44:16
Selskap Sonobeat
Imperial
Produsent Bill Josey
Rim Kelley
Johnny Winter-kronologi 
The Progressive Blues Experiment Johnny Winter
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]
Rolling Stone(middels) [2]

The Progressive Blues Experiment er debutalbumet til Johnny Winter. The Progressive Blues Experiment kom opphavleg ut på Sonobeat Records i Austin i 1968. Då Winter fekk kontrakt med Columbia Records vart rettane til albumet selde til Imperial Records, som gav ut albumet på ny i 1969.

Winter spelte her i ein trio med bandet han spelte med i slutten av 60-åra. Dei spelte inn fleire coverlåtar av kjende bluessartistar, som B.B. King («It's My Own Fault»), Sonny Boy Williamson («Help Me») og Slim Harpo («I Got Love If You Want It»).

I 2005 gav Capitol ut ei nymastra utgåve av albumet på CD. Albumet har òg kome ut med tittelen Austin, Texas.

  1. Koda, Cub. «The Progressive Blues Experiment - Johnny Winter : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 23. juni 2012. 
  2. Burks, John (19. april 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). Arkivert frå originalen 16. oktober 2007. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search